Menu

Nytt frå sogelaget

 

Jørgen Asperheim vart valt inn i styret som nestleiar, då Årdal Sogelag heldt årsmøte på Klingenberg torsdag 25. febraur i år.
Nestleiarfunksjonen er ny i Årdal Sogelag. Difor måtte det til ei endring i vedtektene for laget. Ei endring som årsmøtet slutta seg samrøystes til.

Styret

Etter årsmøtet er styret i Årdal Sogelag sett saman slik: Leiar Bjørn Lindland, nestleiar Jørgen Asperheim, kasserar Helge Øvstetun og sekretær Kjell Eldegard. Dei fire styremedlemene i laget er Oddvar Natvik, Jonny Asperheim, Egil Jørgen Lund og Sigfrid Hovland.
Astrid M. Aarvik og Jan Grønsberg er varamedlemer til styret, og Einar Asperheim er revisor.

Ved årsskiftet 2015/2016 talde me opp 1.144 betalande medlemer i sogelaget, mot 1.131 medlemer året før. I tillegg til at medlemene vår er flinke med å betala kontingenen sin, er det mange som gjev pengegåver til laget. I fjor fekk me inn 31.050 kroner i slike gåver frå i alt 152 medlemer.
Styret takkar for desse rause gåvene.

Dugnadshjelp

Utover våren blir det ein del dugnadsarbeid i sogelaget. Både i sogelagsbrakka i Saltviki og på lageret me har i kjellaren i Samfunnshuset på Årdalstangen.
Er det medlemer som vil vera med på ein dugnadsinnsats, er det berre å ta kontakt med ein av dei som er med i styret.

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter