Menu
Tilbod på teaterbillettar Foto: Sogn og Fjordane teater

Tilbod på teaterbillettar

Sogn og Fjordane teater si framsynig blir vist i Årdal kulturhus i Øvre Årdal tysdag 13. november. Teaterer tilbyr i ein epost til Årdal sogelag rabatterte billettprisar til dei som kjøper fem billettar eller meir.

Ordinær billettpris er 320 kroner, men ved tinging av fem eller fleire billettar blir prisen 180 kroner per billett. Begge summane er inkludert avgift.

Nedanfor ein omtale av teaterstykket, skrive av Sogn og Fjordane teater:

Alvhild og veslesøstera rotar rundt i høyet på jakt etter kattungar når fingrane plutseleg treff kaldt stål. Dei finn skytevåpena som brørne i motstandsrørsla har gøymt. Dei veit godt at dei ikkje må snakke om det, at det er farleg. Likevel snappar tyskarane det opp. Søstrene blir henta av soldatar og avhøyrde på Gestapo-skøyta som ligg til kai i Florø. To av brørne blir sende til konsentrasjonsleir, og éin må gøyme seg i fjellet. Alle tre overlever krigen. Men den eine blir aldri meir seg sjølv.

 

Historia er sann, fortalt av hundreåringen Alvhild Stafsnes. Ho har alltid følt skuld for det som skjedde. Som den eldste av søstrene skulle ho ha passa betre på, meiner ho. Det er den personlege krigen i krigen.

 

Denne og mange fleire historier frå 1930 og fram til i dag er iscenesette i Eg er i går. Stykket er resultat av eit stort arbeid ved Sogn og Fjordane Teater. Manus er basert på intervju med eit knippe av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til 100 år. Dei er den siste krigsgenerasjonen. Åra under tysk okkupasjon pregar livet deira, men det er langt ifrå det einaste dei har på lager. Dei fortel om forelsking, lyden av barneføter, det første fjernsynet. Dei bygde vegar som batt grendene i lag, dei bygde landet. 

 

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter