Menu

Ny leiar i sogelaget

 

 

Bjørn Lindland vart takka av som leiar i Årdal Sogelag på årsmøtet 16. februar 2017. Jørgen Asperheim tok over leiarvervet.

Bjørn, som har vore med i sogelagsstyret heile vegen sidan oppattstarten i 1992, er framleis med i styret. No som nestleiar. Etter vala på årsmøtet, og etter at styret konstituerte seg i styremøtet 16. mars, er styresamansetjinga slik:

Leiar: Jørgen Asperheim, nestleiar: Bjørn Lindland, kasserer: Helge Øvstetun, skrivar: Kjell Eldegard, styremedlemer: Oddvar Natvik, Jonny Asperheim, Egil Jørgen Lund og Sigfrid Hovland. varamedlemer: Elin Hæreid og Jan Grønsberg.
Einar Asperheim held fram som revisor.

 

        Årsmøtet vart halde på Klingenberg hotell i år.

SOGELAGSBRAKKA

I år er det meininga at planane om å innreia eit pendlarrom og eit krigsfangerom i sogelagsbrakka skal setjast ut i livet. Dersom nokon er interesserte i å vera med og gjera ein innsats i brakka, er me i sogelagsstyret glade for all hjelp me kan få.
Då er det berre å ta kontakt med Jørgen Asperheim eller ein av dei andre i styret.

Les mer

Nytt frå sogelaget

 

Jørgen Asperheim vart valt inn i styret som nestleiar, då Årdal Sogelag heldt årsmøte på Klingenberg torsdag 25. febraur i år.
Nestleiarfunksjonen er ny i Årdal Sogelag. Difor måtte det til ei endring i vedtektene for laget. Ei endring som årsmøtet slutta seg samrøystes til.

Styret

Etter årsmøtet er styret i Årdal Sogelag sett saman slik: Leiar Bjørn Lindland, nestleiar Jørgen Asperheim, kasserar Helge Øvstetun og sekretær Kjell Eldegard. Dei fire styremedlemene i laget er Oddvar Natvik, Jonny Asperheim, Egil Jørgen Lund og Sigfrid Hovland.
Astrid M. Aarvik og Jan Grønsberg er varamedlemer til styret, og Einar Asperheim er revisor.

Ved årsskiftet 2015/2016 talde me opp 1.144 betalande medlemer i sogelaget, mot 1.131 medlemer året før. I tillegg til at medlemene vår er flinke med å betala kontingenen sin, er det mange som gjev pengegåver til laget. I fjor fekk me inn 31.050 kroner i slike gåver frå i alt 152 medlemer.
Styret takkar for desse rause gåvene.

Dugnadshjelp

Utover våren blir det ein del dugnadsarbeid i sogelaget. Både i sogelagsbrakka i Saltviki og på lageret me har i kjellaren i Samfunnshuset på Årdalstangen.
Er det medlemer som vil vera med på ein dugnadsinnsats, er det berre å ta kontakt med ein av dei som er med i styret.

Les mer

Strondi-møtet

Strondi-møtet på Klingenberg går av stabelen onsdag 11. november, slik det har vore annonsert tidlegare. Datoen som stod i Det Skjer (tysdag, 10.) er altså feil.

Mvh

Styret  i Sogelaget

Les mer

Dugnad Ne fø sjøen

Harald Thune har teke initiativ til ein dugnad Ne fø sjøen i Ofredal. Dugnaden går ut på å måla oppatt stovehuset ved anlegget. Siktemålet er at målingsarbeidet skal gjerast ferdig før ferien. I praksis betyr dette at arbeidetmå gjerast i løpet av juni i år.

Må ha hjelp

For å får dette til, treng Harald hjelp. Han håpar å få med seg dei som har høve til det på denne dugnaden. Dei som vil bera med på arbeidet, kan ta kontajt med Harald på mobiltelefon 481 06 439

Både målling og stilasje til arbeidet er det ordna med. Harald har fått Byggmakker Andersen til å sponsa målinga, og stillasje får han låna hjå Årdal Byggservice.

 

Les mer

Årdal kommune 150 år

Årdal kommune sitt 150 års jubileum vart halde i Samfunnshuset Øvre Årdal i dagane tirsdag 16.februar til fredag 19.februar. Årdal Sogelag hadde utstilling, "Frå fossekraft til hjernekraft", ei biletreise gjennom Årdal si historie.

Les mer

Om Årdal Sogelag

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter