Menu

Kulturkveld i Vikadalen


 Vikadalen Ungdomslag, saman med Årdal Sogelag, arrangerer ein kulturkveld i ungdomshuset i Vikadalen tysdag 21. mars kl 19.00.
På programmet denne kvelden står framsyning av gamle bilete frå Vikadalen, slike som biletet ovanfor. Siktemålet med kvelden er å finna meir ut om bileta. Namn på personar, så vel som å få vita meir om bygningar og stader i dalen

Det vert ein pause i løpet av kvelden, og då vil det bli selt kaffi og noko å bita i.

Arrangørane tek sikte på å hakda på fram til om lag klokka 21.30.

Vel møtt! 

 

 

 

Les mer

Nye strondikveldar

Årdal Sogelag har lova publikum ei ny "Strondi-kveld" i haust og det skal det bli.
Denne gongen tek me føre oss miljøet i Strondi i etterkrigstida til tidleg på 60-talet. Me ser på oppbygginga av den "nye" Strondi med bygningar og brakker både til næringsverksemd og bustader, og om folkelivet med Folkets hus og Sentrum Cafe som viktige samlingsstader.

Det vert to forestillingar,  fredag 30. oktober og onsdag 11. november. Me har valt å køyra programmet to dagar slik at det ikkje skal verta så trongt som sist.

Arrangementet vert på Klingenberg Hotel.
Tid begge kveldar: frå klokka 19.00 til  om lag klokka 22.

Det vert ein halvtimes pause midt i programmet der hotellet serverar "hedlekaker", gjærkringle og kaffi i restaurant Store-Jens.
Dette inngår i inngangspengane,   100 kroner, som skal betalast i resepsjonen på hotellet når ein møter.

NB! Hotellet ber om at eventuell  mat-intoleranse vert gjeve beskjed om ved påmelding.
Påmelding skjer til hotellet på telefon  57 66 58 00.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Årdal Sogelag og Klingenberg Hotel.  

 

 

 

 

 

 

Les mer

Hjarteleg takk

Årdal Sogelag takkar på denne måten for minnegåver til laget i samband med Per Oma Hæreids bortgang.

Med helsing

Styret i Årdal Sogelag

 

Les mer

Open dag og litt til

 

Godt og vel 50 personar var innom Sogelagsbrakka i Saltviki under open dag i brakka laurdag 13. juni.

Open dag har blitt eit fast innslag på laurdag føremiddag under dei årlege Fjord til fjell-dagane på Årdalstangen. Og ein utekonsert med Årdalstangen Musikklag ved brakka har blitt ein tradisjon. Årdal Sogelag er særs glade for at musikklaget stiller opp og set ein spiss på arrangementet.

I år baud Sogelaget fram alle tre banda av Bygdebok for Årdal, samt Laberg-boka og jubileumsboka til Årdal kommune, til sterkt reduserte prisar på open dag. Og det var ein del som nytta seg av dette tilbodet.
Ei oppteljing syner at det vart selt nær 70 bøker. I tillegg til dei nemnde titlane, selde me også nokre eksemplar av Stadnamnboka til Sigurd Dahl Midtun.

Årdal før og no

For dei som ventar på sommarutgåva av sogelagsbladet, Årdal før og no, kan me fortelja at det snart er undervegs ut i postkassane dykkar. Skrivargarden fekk problem med ei trykkerimaskin, slik at dei har sett bort trykkinga til ein underleverandør denne gongen. Bladet er lova ferdigtrykt onsdag 17. juni, og det blir då sendt ut omgåande.
Distributørane (Budservice og Posten) må ha nokre dagar på seg, sik at bladet bør liggja i postkassen din om ei vekes tid. (Dette er skrive måndag 15. juni).

Medlemspengane 
Til dei som har gløymt medlemspengane i år: Sjå på nest siste side i bladet som kom ut til jul. Der står både kontingentsatasr og andre naudsynte opplysningar for å få betalt desse pengane.

Bileta frå open dag er tekne av Helge Øvstetun.

Les mer

Byr fram bygdebøker

Er du på leit etter eit eksemplar av Bygdebok for Årdal band 1, 2 eller 3, er det berre å møta opp ved Sogelagsbrakka i Satviki laurdag 13. juni.

I samband med Fjord til fjell-dagane har nemleg Årdal Sogelag tilbod både på dei nemnde bygdebøkene, Laberg-boka og boka Årdal kommune gav ut til 150-årsjubileet. Alle bøkene blir selde til sterkt reduserte prisar; 50 kroner per bok.

For ordens skuld: Rådmann Olve Fossedal har akseptert at me sel bøkene sopass billeg.

Bygdebok for Årdal kan kjøpast i Saltviki under Fjord til fjell-dagane. (Tekst og foto: Kjell Eldegard)

 

 

 

 

 

Les mer

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter