Menu

Om Årdal Sogelag

Årdal Sogelag har eksistert i meir enn 60 år. Laget vart skipa i 1949 av nokre eldskjeler som såg at bygda hadde vore gjennom store endringar på kort tid og visste at meir ville koma. Det var om å gjera å sikra for ettertida minna frå fortida. 

I byrjinga

I løpet av kort tid hadde dei fått kjøpt Koparverkshuset , fått flytt det og sett det opp att. Det vart også gjeve ut fleire årbøker med lokalhistorisk stoff. Sogelaget var aktivt med i samling av stoff til bygdebøkene der fyrste bandet kom ut tidleg på 70- talet med kommunen som utgjevar. Etter dette gjekk laget i dvale. Skiparane var blitt gamle og oppgåvene hadde andre no teke hand om.

Ny oppstart

Dvaletilværet varde i om lag 20 år , til 1991. Då vart laget starta opp att. Årsaka til dette var at eit gamalt skulehus sto i fare for å verta rive, og ein del tykte dette var ille. Sogelaget fekk hand om huset og ville nytta det til møtelokale, men då brakka dukka opp , var den betre eigna til føremålet.

Det nye styret sette opp ei rad saker som dei ville arbeide med. Bindeleddet ut skulle vera medlemsbladet "Årdal før og no" som skulle innehalda lokalhistorisk stoff frå både gamal og ny tid.  Fram til desember 2013 er det gjeve ut 40 nr. 

Saker og prosjekt

Av saker som tidleg dukka opp, var kontakt med krigsfangar og tvangssende frå Russland, Ukraina og Frankrike som var her under krigen. Dei var med og bygde opp kraftstasjonen, vegen og fabrikkanlegga. Skjebnen sidan til folka frå auststatane var i mange år ei gåte inntil me fekk kontakt ved eit lukketreff. Sidan vart det besøk, intervju og vel dokumentert historia deira.

Mange årdøler fann vegen til USA på 1800-talet og fyrstninga på 1900-talet. Mange av etterkomarane deira har vore tilbake for å leita etter røtene sine , og laget har hjelpt til med å skaffa fram opplysningar og syna dei rundt.

Gode kontaktar i USA gjorde det mogeleg å skreddarsy turar som fekk stor oppslutnad. Den fyrste var i 1998 og gjekk til midt-vesten der mange årdøler hadde slått seg ned. I tida etter har turane gått til både aust- og vestkysten, sørstatane og ville vesten. Komande tur går hausten 2013 og den vart raskt fullteikna.

Bygga våre

Forutan Koparverkshuset der det er ei utstilling om gruvetida på 1700-talet, har laget Russarbrakka i Saltviki på Årdalstangen. Brakka er dei einaste som står att av dei talrike brakkene som vart sette opp overalt i bygda for å husa arbeidsfolk under krigen. For nokre år sidan fekk laget kommunen sin Bygningsvernpris for arbeidet med å setja ho i stand.

Me nyttar brakka til alle møta våre. To av dei opphavelege romma er slegne saman til eit stort møterom der me har videokanon og internett-opplegg. Møbleringa er 50-tals med sofagruppe, radiokabinett, landskapsbilete osb. Me har også laga til ei leilegheit slik ho kunne sjå ut for ein vanleg familie på 50-talet med stove, kjøken og soverom.

Planane våre har i lengre tid vore å laga til to rom som syner korleis krigsfangar og tvangssende budde under krigen og korleis vekependlarane budde den fyrste tida før familiane deira flytte hit.  Diverre har dette arbeidet stått i stampe ei tid. Me må få frigjort nokre av romma som i dag er lagerplass for alt me har drege saman i ei årrekkje , og sjå kritisk på kva me kjem til å nytta eller bevara for ettertida.

Brakka fekk hard medfart av stormen « Dagmar» i julehelga 2011 og mykje tid gjekk med til å få alt i orden att.

Utstillingar og informasjon

Sogelaget vart nytta til å byggja opp utstillinga til Industrimuseet i Gamle Kraftstasjonen til Hydro sitt 100-års jubileum i 2005.Me var også med og laga utstillinga til 100-års jubileet for unionsoppløysinga i 1905. Kommunen feira 150-års jubileum i 2010 og Sogelaget laga utstilling i Kulturhuset i Øvre Årdal.

Laget har vore nytta som ressurskjelde ved spørsmål om bygda si historie og industrioppbygginga og har eit stort biletarkiv til rådvelde. Me har stilt opp som omvisarar ved skulebesøk og –turar, ekskursjonar frå universitet , og som vegvisarar for einskildpersonar og grupper.

Elles er alt om eldre og nyare tradisjonar, arbeidsliv, kommunikasjonar osb. interessant for oss. Med den raske utviklinga som finn stad, så er gårsdagen historie i morgon. Me har skanna og registrert gamle bilete og har også fått overta heile samlingar. No er me i gang med å teksta bilete i Hydro-samlinga som er plassert på Fylkesarkivet.

Årdal Sogelag har over 1000 medlemmer som gjer laget til eit av dei største sogelaga på Vestlandet.

Bli medlem av Årdal Sogelag Registrer deg her

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter